Surnadal kommune Heimetenesta

Studentstillingar for sjukepleiestudentar

Heimetenesta i Surnadal kommune lyser med dette ut studentstillingar til deg som vil studere sjukepleie frå hausten 2024, eller som er i gang med slik utdanning.

For studentstillingar i Heimetenesta gjeld:

  • Tilbod om fast jobb 3.kvar helg i studietida. Kommunale tilsettingsvilkår og studentavlønning.
  • Ein forpliktar seg til 5 veker arbeid i sommarferiane.
  • Garanti om fast 100% stilling i Surnadal kommune etter dokumentert bestått utdanning og framlagt autorisasjon

Det blir gjennomført samtalar med søkarene før det blir gjeve tilbod.

Er du tilsett i Surnadal kommune og startar på sjukepleiestudiet, har vi støtteordningar for dette, samt at det blir gjeve ulike permisjonar i samband med gjennomføring av studiet.

Kvalifikasjonar:

Vi ser etter deg som

- har plan om å starte på sjukepleiestudiet hausten 2024

- er du i gang med studiet er du også velkomen som søkar

- kommuniserer godt på norsk og har god skriftleg og muntleg framstillingsevne

Det er krav om tilfredsstillande politiattest, denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Du må ha førarkort kl B.

Arbeidsoppgåver under studia:

- pleiefaglege oppgåver og ansvar

- under veiledning får du øve på og utføre sjukepleiefaglege oppgåver saman med sjukepleiarane våre

- medikamenthandtering

- samarbeid med anna personale om oppgåvene som skal løysast på vakt

- planlegge og gjennomføre aktivitetar i lag med pasientar og brukarar

- dokumentasjon

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som vil vere med å skape ein meiningsfylt og trygg kvardag for pasientane våre. Du ser verdien av heilheitleg omsorg og livsglede-tiltak og kor mykje det betyr med aktivitetar og mobilisering av pasientane sine eigne ressursar.

Du brenn for faget og engasjerer deg i fagutvikling, tek ansvar og arbeider målretta med pasienttiltak og oppfølging av desse.
Du framstår vennleg og tillitvekkande, er fleksibel, initiativrik og endringsvillig. Pågangsmot, fokus på løysingar og gode samarbeidsevner er eigenskapar vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.

Vi tilbyr:

  • lønn etter gjeldande avtaleverk, m/studentavlønning under studia
  • studentpakke
  • gode pensjons- og forsikringsorndningar
  • turnus med mulegheit for individuell tilpassing etter ønske

 

Del på:

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.04.2024

Adresse:

Bårdshaugvegen 35 6650 Surnadal

Kart: