Surnadal kommune Sentraladministrasjonen

Einingsleiar ved Heimetenesta

Einingsleiar ved Heimetenesta

Ei utfordrande og viktig leiarstilling, for deg som vil vere med å utvikle helse og omsorgstenestene.

Er du opptatt av å gje gode opplevingar og meiningsfulle dagar, i ein trygg relasjon til engasjerte medarbeidarar?

Vi søkjer deg som vil vere lagleiar og guide i arbeidet vårt med å utvikle helse- og omsorgstenestene våre.

Heimetenesta

Heimetenesta er ein del av Surnadal helsehus som består av heimetenester. omsorgsbustader, dagsenter og sjukeheim, samla innan området pleie og omsorg og som ligg sentralt plassert i kommunen. Surnadal kommune er godt i gang med planlegging av framtidas helsehus, der organisering og omfang av framtidige tenester i gode og funksjonelle bygg er tema. Dette arbeidet kan føre til endring av oppgåver og ansvarsområde mellom tenestene og endring i leiarstruktur. Utvikling av Surnadal helsehus er eit felles satsingsområde innan helse og omsorg der einingsleiarane får ein sentral rolle.

Heimetenesta gir i dag tenester innafor heimesjukepleie, heimehjelp/praktisk bistand, rehabilitering i heimen, personleg assistent, dagtilbod for eldre og for demente, tryggleiksalarmar og andre velferdsteknologiske løysingar. Vidare saksbehandlar eininga søknader om BPA (brukarstyrt personleg assistent), omsorgsstønad og matombringing.

Kommuneplanen sin samfunnsdel og Helse- og omsorgsplanen gir føringar for tiltaka som ligg til eininga, i tillegg til lover og forskrifter og føringar frå sentralt hald.

Internasjonale og nasjonale trender går i retning av at stadig fleire helsetenester skal utførast i pasienten sin heim, eller nærast mogleg heimen. Det er også eit overordna nasjonalt helsemål at folk skal få bu heime så lenge dei ønskjer det, trass sviktande helse.

I Surnadal kommune har heimetenestene vore langt framme i dette arbeidet gjennom metoden HPH (Heilheiltleg Pasientforløp i Hjemmet), der vi arbeider med pasienten si eigenmestring.

Vi har kontinuerleg utvikling og forbedring av pasientforløpet i tråd med nye forskrifter.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet, gjerne med helse- og/eller sosialfagleg bakgrunn
  • Relevant leiarerfaring og gjerne vidareutdanning innan leiing
  • God kjennskap til helse og omsorgssektoren og offentleg forvaltning
  • God økonomiforståing
  • Kunnskap om og ferdigheiter i bruken av digitale verktøy

Kommunen ønskjer ein einingsleiar som:

  • Kan og vil leie og har faglege og administrative leiareigenskapar
  • Kan setje klare mål for verksemda og bruke dei samla ressursane effektivt
  • Har vilje og evne til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid
  • Er strukturert og ryddig
  • Har interesse for korleis teknologi kan brukast til å forbetre arbeidsprosessar og system
  • Kan tenkje nytt kring rekruttering som kan bidra til å dekkje kompetansebehovet i eininga
  • Er lojal til kommunen sine mål

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Mulighet for leiarutdanning og vidareutvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilfredsstillande politiattest skal leggast fram før oppstart i stilling.

Surnadal kommune har nynorsk som administrasjonmål.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos kontaktpersonar for stillinga: kommunedirektør Lars Inge Kvande eller kommunalsjef Gunhild Eidsli.

Vi ser fram til å få søknad frå deg!

 

 

 

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.09.2024

Arbeidsstad:

Heimetenesta

Adresse:

Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal

Kart: