Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta

Helsefagarbeidarstillingar i Bu- og aktivitetstenesta

Helsefagarbeidar

I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledige stillingar for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar i ulike stillingsprosentar. 

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar kan òg vere aktuell fagbakgrunn.

Relevant erfaring frå området kan kompensere for kravet om formell utdanning.

 

Vi har ulike stillingsstørrelsar ledig, også fulltidsstillingar; faste stillingar og vikariat/engasjement. 

Vi treng deg som ønskjer å arbeide på natt og vi treng deg som ønskjer dag/aften.

Vi treng deg som er ute etter å prøve deg i eit engasjement/vikariat og vi treng deg som er ute etter ei fast stilling.

Vi er også ute etter deg som ønskjer å arbeide med barn sidan vi opplever eit auka behov for avlastning. 

Ut frå brukararne sine behov, vil det i nokre stillingar vere nødvendig å tilsette menn og i andre stillingar kvinner.

Vi vil gjerne at du skriv noko om kva stillingsstørrelse du ser for deg, og om det kan vere aktuelt for deg å arbeide på natt.

 

Personlege egenskaper:

  • Gode omsorgs- og samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig
  • Setter brukarens ønsker og behov i fokus
  • Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på

 

Vi har og kan tilby:

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • du vil få opplæring
  • godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
  • flyttegodtgjersle etter regalene i personalplanen

 

Tilsettingsvilkår:

Det er krav om tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Du må ha førarkort kl.B.

Del på:

Referansenummer:

24/2793

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

08.12.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

SURNADAL

Kontaktpersonar:

Arnhild Fiske

mob: +47 91152241

Rakel Polden

mob: +47 48054672

Adresse:

Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal

Kart: