Surnadal kommune Heimetenesta

Sjukepleiar fast 100% stilling ved Heimetenesta

 

Kort om stillinga 

Heimetenesta har ei ledig fast 100% stilling som sjukepleiar.

Stilling inngår i det tverrfaglege arbeidet i eininga og som del av rehabiliteringsteamet 

Stillinga innber arbeid i turnus med f.t kvar tredje helg

 

Om oss 

Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabilitering og dagsenter for eldre. Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal 

I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar om dagtilbod, og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent  

I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at innbyggjarane får bu heime så lenge dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har både sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, og ergoterapeut tilsett i eininga som del av det tverrfaglege arbeidet. 

I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, rus og kreft 

Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar 

Heimetenesta arbeider etter metoden "Helhetlig pasientforløp i eget hjem" - HPH 

 

Arbeidsoppgåver 

Kartlegge, planlegge og sette i verk tiltak basert på pasient sine behov

Utøve sjukepleie og medisinsk oppfølging i direkte pasientretta arbeid i heimane

Dokumentasjon og oppfølging av tiltak

Tverrfagleg samarbeid

Rettleiing av elevar, lærlingar og vikarer

Andre aktuelle oppgåver i eininga

Oversjukepleiar er næraste overordna.  

 

 

Kvalifikasjonar 

Krav til kompetanse: 

 - autorisasjon som sjukepleiar 

 - relevant etter- eller vidareutdanning er ønskeleg 

 - du må kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å kunne ivareta dialog og krav til dokumentasjon 

 

Personlege eigenskaper 

- fagleg trygg 

- kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø 

- ha gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre i arbeid og endring 

- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne 

- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid 

- må kunne arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag, og vera fleksibel da arbeidet stadig er i endring

 

Vi tilbyr 

- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid 

- Surnadal kommune er IA bedrift 

- lønn ifølge gjeldande avtaleverk 

- gode pensjons- og forsikringsordningar 

- flyttegodtgjering i tråd med kommunen sin personalplan 

 

Tilsettingsvilkår 

Du må ha førarkort. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd., skal leggast fram før tiltreding. 

 

Søknad sendast 

Vi tek i mot elektroniske søknader på stilling. Søkarane blir vurdert ut frå opplysningane som er lagt inn i søknadsskjemaet. 

Attestar og vitnemål er først aktuelt å ta med om ein blir kalla inn til intervju. 

Del på:

Referansenummer:

25/1404

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

29.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Surnadal

Adresse:

Bårdshaugvegen 35 6650 Surnadal

Kart: