Surnadal kommune Heimetenesta

Sjukepleiar/fagutviklingssjukepleiar fast 100% stilling ved Heimetenesta

 

Kort om stillinga

Heimetenesta har ei ledig fast 100% stilling som fagutviklingssjukepleiar/sjukepleiar

Stillinga innber arbeid i turnus med f.t kvar tredje helg med oppgåver i heimesjukepleia og fagutvikling i heile eininga.

 

Om oss

Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabilitering og dagsenter for eldre. Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.

I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar om dagtilbod, og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.

I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at innbyggjarane får bu heime så lenge dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har både sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse og ergoterapeut tilsett i eininga som del av det tverrfaglege arbeidet.

I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, rus, og kreft.

Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.

 

Arbeidsoppgåver

Ansvarsområde vil være pleie og medisinsk oppfølging av pasientane i Heimetenesta i stilling som sjukepleier i turnus, samt oppgåver innafor fagutvikling, internundervisning og prosjektarbeid i lag med leiarteamet, i resten av stillinga. Ein ser for seg avsette dagar i veka med fokus på fagutvikling, internundervisning og prosjektarbeid. Fordeling av stillingsprosent mellom sjukepleierstilling og fagutvikling vil kunne variere utifrå behov og pågåande prosjekt, men ein reknar med at dette stort sett blir ei 50/50 deling.

Oversjukepleiar blir næraste overordna. Du vil arbeide tett med heile leiarteamet om prioriteringar og innhald i fagutviklingsstillinga.

 

Kvalifikasjonar

Krav til kompetanse:

- autorisasjon som sjukepleiar

- relevant etter- eller vidareutdanning er ønskeleg

 -du må kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å kunne ivareta dialog og krav til dokumentasjon 

 

Personlege eigenskaper

- fagleg trygg

- kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø

- ha gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre i arbeid og endring

- kan drive og initiere utviklingsarbeid

- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid

 

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

- Surnadal kommune er IA bedrift

- lønn ifølge gjeldande avtaleverk

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- flyttegodtgjering i tråd med kommunen sin personalplan

 

Tilsettingsvilkår

Du må ha førarkort. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd., skal leggast fram før tiltreding.

 

Søknad sendast

Vi tek i mot elektroniske søknader på stilling. Søkarane blir vurdert ut frå opplysningane som er lagt inn i søknadsskjemaet.

Del på:

Referansenummer:

25/1405

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

29.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Surnadal

Adresse:

Bårdshaugvegen 35 6650 Surnadal

Kart: