Surnadal kommune Sentraladministrasjonen

Vernepleiarar - Oppvekst/Avlastning

Vernepleiarar 2 faste 100% stillingar

Det blir arbeidd med å få på plass eit nytt team rundt barn og unge med særskilte behov, og som skal arbeide på  tvers av skule, barnehage og avlastning.

 Arbeidsområde:

  • Arbeidsoppgåver og ansvar knytt til oppfølging av barn og unge med særskilde behov
  • Mykje samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar
  • Turnusarbeid som også inneber arbeid på helg må påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Vernepleiar med norsk autorisasjon. Anna relevant høgskoleutdanning kan bli vurdert.
  • Må kunne kommunisere godt på norsk, muntleg og ha god skriftleg framstillingsevne, for å kunne ivareta dialiog og krav til dokumentasjon 

Vi ønskjer at du:

  • Har relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som treng fagleg og særskilt oppfølging, ut frå ulike behov
  • Er trygg i rollen som fagperson
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Er engasjert i og omsorgsfull i arbeidet 

 Vi kan tilby:

  • Fagleg utvikling og spennande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn og tilsettingsvilkår etter gjeldande kommunal tariffavtale og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter kommuen si personalplan

Det blir gjennomført intervju med aktuelle søkjarar.

 Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før tiltreding.

Del på:

Referansenummer:

25/1592

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

06.07.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Oppvekst/avlastning

Kontaktpersonar:

Adresse:

Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal

Kart: