Surnadal kommune Midtigrenda barnehage

Barne- og ungdomsarbeidar i Midtigrenda barnehage

Barne- og ungdomsarbeidar fast 100% stilling

 Vil du vere med å skape ein trygg, leiken og utviklande kvardag for dei minste i kommunen vår?

Midtigrenda barnehage søkjer engasjert og omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar. Midtigrenda ligg vakkert til i eit boligfelt og har eit sterkt fagmiljø med fokus på leik, læring og trivsel.

Vi arbeider aktivt med å fremme eit inkluderande og trygt miljø for alle barn, og legg stor vekt på samarbeid med følresette og kollegaer.

  Arbeidsoppgåver:

  • Delta aktivt i leik og pedagogiske aktivitetar
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette og kollegaer
  • vere med på planlegging, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbediet

 Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg

 Vi ønskjer at du:

  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Er ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
  • Er varm, tilstedeverande og har eit ekte engasjement for barn
  • Er fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig
  • Bidreg til eit positivet og inkluderande arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Ein meiningsfull jobb i eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Lønn og tilsettingsvilkår etter gjeldande kommunal tariffavtale og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter kommunen si personalplan

 Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

Del på:

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.07.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Midtigrenda barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Midtvegen 11 6650 Surnadal

Kart: