Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta

Avdelingsleiarar i Bu- og aktivitetstenesta: 2 faste 100% stillingar

I Bu- og aktivitetstenesta skal vi rekruttere to nye avdelingsleiarar, begge i fast 100% stilling.

I tenesta er det for tida seks ulike bufellesskap, avlasting for born og unge og vi har aktivitetshus.
Til begge stillingane ligg per i dag ansvar for ei avdeling med to bufellesskap i kvar avdeling.

Vi ser etter deg som er tydeleg, engasjert og fagleg sterk. Du er samlande og har evne til å skape tillt, heilheitlege tenester og gode resultat.

Begge stillingane har dagarbeidstid.

 Arbeidsoppgåver:

  • Fag-, drifts- og personalansvar
  • Bidra i utviklinga av tenesta innafor ramma av vedteke budsjett
  • Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester
  • Kvalitets- og utviklingsarbeid
  • Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy
  • Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov
  • Vere aktiv bidragsytar i eininga med fokus på godt samarbeid med pårørande/verje, kollegaer, tillitsvalde og verneombod

Dette er arbeidsoppgåver som f.t ligg til stillinga. I tillegg kjem oppgåver som kan bli lagt til frå einingsleiar.

Kvalifikasjonar:

Stillinga er aktuell for vernepleiarar og sjukepleiarar med norsk autorisasjon. Andre med relevant helsefagleg høgskuleutdanning kan vere aktuelle for stillingane

Kjennskap til og forståelse for Helse- og omsorgstenestelova kap.9 og Lov om pasient- og brukerrettigheter

Det er eit ønske at du har leiarerfaring

Du er mål- og resultatorientert og har god muntleg og skriftleg framstillingsevne

Du har solid digital kompetanse som m.a inneber god kunnskap om bruk av elektronisk turnusverktøy og du er interessert i bruk av velferdsteknologi

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som har engasjement og som evner å inspirere og motivere

Du har gode samarbeidsevner og du ønskjer å vere aktiv pådrivar for eit godt arbeidsmiljø

Du er handlekraftig og evner å ta utfordringar, samtidig som du kan delegere, inspirere, rettleie og vidareutvikle medarbeidarar i utviklinga av gode team

Du vil få:

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe
  • påverknad på eigen arbeidskvardag og planlegging av oppgåver
  • flotte og funksjonelle lokale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk i personalplanen
  • kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter avtale

 

 

Del på:

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.10.2025

Kontaktpersonar:

Adresse:

Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal

Kart: