Surnadal kommune Helse og familie

Psykolog

Surnadal kommune, Helse- og familieininga, skal tilsette psykolog i fast 100% stilling.

Psykologtilbodet er ei lovepålagt teneste og er retta mot arbeid med menneske med psykiske vanskar og ruslidingar. Tenesta har samtaletilbod for born, ungdom og vaksne.

Til stillinga ligg:

  • Førebyggande arbeid i møte med menneske i alle aldrar som har psykiske utfordringar
  • Individ- og gruppesamtalar
  • Deltaking i team kring menneske med rusproblematikk og deira pårørande
  • Undervisning, rådgjeving, rettleiing og informasjonsarbeid

Du har:

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring frå liknande klinisk arbeid i kommune vil vere eit fortrinn

Vi ser etter deg som:

- har evne til å arbeide nyskapande og sjølvstendig

- kan bruke terapeutiske verktøy for å forebygge psykisk uhelse

- har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk, m.a med tanke på god dialog og krav til dokumentasjon

Du har personlege eigenskapar som er nyttige når det kjem til endring og omstilling. Du er komfortabel med å møte utfordringar, er i stand til å endre planer for å finne løysingar, samtidig som du bevarer profesjonaliteten og framstår som ein trygg fagperson.

Godt humør, gode samarbeidsevner og å vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø, er eigenskapar vi set høgt.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stillinga.

Du må ha førarkort kl.B og kunne disponere eigen bil.

Vi kan tilby deg:

Gode og dedikerte kollegaer i eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Lønn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

 

 

Besøk Surnadal kommune på Facebook: https://www.facebook.com/surnadalkommune

 

 

 

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.11.2025

Arbeidsstad:

Helse og familie

Kontaktpersonar:

Adresse:

Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal

Kart: