Surnadal kommune Surnadal sjukeheim

Sjukepleiar ved Surnadal sjukeheim

Vi har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar.

Stillinga inngår turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.

Om oss:
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD (Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphald).

Hos oss har vi stort fokus på:

  • fagutvikling
  • rolleavklaring i de i ulike yrkesgruppene, med mål om auka tryggleik, kvalitet og trivsel
  • kvalitet i tenestene
  • velferdsteknologi
  • aktivitetar
  • matglede
  • refleksjon

Arbeidsoppgåver:

  • sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
  • teamleiarfunksjon og samhandling
  • koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
  • veiledning og opplæring
  • dokumentasjon
  • bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
  • tverrfagleg samarbeid
  • legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Tilfredsstillande politiattest, ikkje er eldre enn 3 månader  

Personlege eigenskapar vi ser etter:

  • fagleg dyktig og engasjert
  • ansvarsfull og handlekraftig
  • endringsvillig og løysingsorientert
  • gode samarbeidsevner
  • fleksibel

Du kommuniserer godt på norsk og har god skriftleg framstillingsevne med tanke på dokumentasjon.

Vi kan tilby:

  • fagleg utvikling
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • turnus med mogleg individuell tilpasning
  • flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

 

Vedtak fatta i Surnadal kommunestyre, sak 48/21:

Eksterne søkjarar som får tilbod om sjukepleiarstilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10-års ansiennitet. For eksterne søkjarar som har meir enn 10-års ansiennitet frå tidlegare blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting. 

 

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!

Besøk oss på Facebook: https://www.facebook.com/surnadalsjukeheim

Del på:

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.05.2026

Adresse:

Bårdshaugvegen 22 6650 Surnadal

Kart: