Økonomirådgjevar
Vi ser etter ein engasjert og strukturert økonomirådgjevar i 100% fast stilling, som vil vere med å styrke økonomistyringa og vidareutvikle økonomiarbeidet i kommunen.
Stillinga ligg i økonomiavdelinga, og du vil jobbe tett saman med leiarar og fagmiljø på tvers av organisasjonen. Økonomisjefen er næraste leiar.
Arbeidsoppgåver:
- Løpande rekneskapsføring, fakturabehandling og oppfølging av økonomiske transaksjonar
- Avstemming av balanse- og resultatkontoar
- Delta i utarbeiding av rekneskapsrapportar, inkl. tertial- og årsoppgjer
- Kvalitetssikring og kontroll av rekneskapsdata
- Bidrag i arbeid med budsjett, prognosar og økonomiplan
- Utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og internkontroll
- Andre oppgåver innan økonomi og administrasjon kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller liknande (minimum bachelor)
- Erfaring frå økonomi eller rekneskap er ein fordel, men nyutdanna er òg velkomne til å søke
- Grunnleggande og god forståing for økonomi og rekneskap
- Gode IT-kunnskapar og interesse for digitale verktøy
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Kven er du?
- Du er lærevillig og har lyst til å utvikle deg fagleg
- Du jobbar strukturert og nøyaktig, og får ting gjort
- Du trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
- Du har kjennskap til offentleg sektor og ønsker å bidra til fellesskapet
- Du kommuniserer godt og er open for rettleiing og utvikling i rolla
Dette får du hos oss
- God opplæring og fagleg støtte
- Ei variert og spennande stilling i ein viktig samfunnsaktør
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement
- Fleksibel arbeidstid etter gjeldande reglement
Del på:
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
28.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
SURNADAL
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.surnadal.kommune.noAdresse:
Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal