Byggdriftar helsebygg, fast 100% stilling
Surnadal kommune er i gang med eit av dei største og viktigaste utviklingsprosjekta i kommunen dei komande åra. Surnadal Helsehus skal bli eit moderne og framtidsretta helsebygg som samlar sentrale helse- og omsorgstenester under eitt tak.
Bygget skal bli utgangspunkt for gode tenester for innbyggarane, effektive arbeidsprosessar for tilsette og for bærekraftig drift i mange år framover.
Som byggdriftar får du ei unik moglegheit til å vere med allereie i byggefasen. Du vil bidra med driftsperspektivet inn i prosjektet og få ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode og tekniske løysingar, smidig overgang til drift og vidare forvaltning av bygget når helsehuset er ferdig.
Stillinga vil bli knytt til helsebygga i kommunen, med særleg ansvar for dagleg drift og vedlikehald av helsebygga og tilhøyrande uteområde. Arbeidet omfattar dagleg tilsyn med bygningar, tekniske installasjonar og eigedomar i tett samarbeid med leiing og tilsette. Dette for å sikre trygge og funksjonelle rammer for bebuarar, brukarar og medarbeidarar.
I takt med utviklinga av Surnadal Helsehus, vil stillinga få ei viktig rolle i planlegging, innføring og drift av nye tekniske anlegg og digitale styringssystem.
Til arbeidsoppgåvene ligg også å bidra ved andre kommunale bygg og anlegg ved behov.
Surnadal kommune er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Arbeidsoppgåver som p.t ligg til stillinga:
Delta i byggeprosjektet for Surnadal Helsehus med driftsperspektiv, samt prøvedrift, overlevering og overgang frå byggeprosjekt til ordinær drift.
Drift og oppfølging av tekniske anlegg og digitale styringssystem/SD-anlegg
Oppfølging av teknisk brannvern og branntekniske installasjonar
Oppfølging av eksterne leverandørar, serviceavtalar og handverkarar
Energioppfølging og arbeid med effektiv og bærekraftig drift
Utføre praktiske vedlikehalds- og reparasjonsoppgåver
Ønske om kvalifikasjonar:
Fagbrev som byggdriftar er ønskeleg
Anna relevante tekniske fagbrev kombinert med relevant erfaring kan vere aktuelt
Erfaring med SD-anlegg, FDV-system, tekniske installasjonar og eigedomsdrift er ein fordel
God digital kompetanse
Du må ha førarkort kl. B, helst BE
Du må kommunisere godt på norsk, både muntleg og skriftleg, noko som er viktig med tanke på dialog og samhandling med andre og for å kunne dokumentere godt i arbeidet.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Eigenskapar og ferdigheiter vi set høgt og legg vekt på:
Sjølvstendig, strukturert og i stand til å sjå løysingar
Praktisk anlagt og med god teknisk forståing
At du er serviceinnstilt og med gode samarbeidsevner
Å vere fleksibel og vere med å ta ansvar, også i lag med andre, når det oppstår utfordringar
Ønske om fagleg utvikling og motivasjon for å søke ny kompetanse
Hos oss vil du få:
Ei variert og sjølvstendig stilling med viktige arbeidsoppgåver, der stillinga inngår i det samla fagmiljøet innan kommunal eigedomsdrift. Samarbeid og oppgåver på tvers av kommunale bygg vil vere aktuelt.
Ei unik moglegheit til å vere med og påverke drift og tekniske løysingar i Surnadal Helsehus frå byggefasen og fram til ferdig bygg.
Moglegheit for relevant opplæring og kompetanseutvikling innan tekniske anlegg, FDV og digitale styringssystem.
Trivelege og engasjerte kollegaer med mykje erfaring og variert kompetanse
Tilsetting etter gjeldande lov- og avtaleverk
Lønn i hht gjeldande tariffavtale, med innplassering etter utdanning, kompetanse og erfaring.
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Del på:
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
11.10.2026
Kontaktpersonar:
Stilling: Einingsleiar Teknisk drift
tlf: +47 94200202
Heimeside:
http://www.surnadal.kommune.noAdresse:
Bårdshaugvegen 1 6650 Surnadal